mandag, desember 04, 2006

Slipesteinen

Apropos et tidligere innlegg:

Mot sør i sola ved eldhusveggen,
der var vel heitt, san, ein sommarsdag,
og reint ein triveleg stad for kleggen,
og fly og fluger av alle slag.
-
Og midt i surrande flugeflokkar
stod slipesteinen vår, traust og stor,
der rei han stødt på to digre stokkar,
og aksen gjekk i ein fleskesvor.
-
Her var det fyrst eg i verda kjende
kva livsens alvor i røynda er,
når sola steikte so ryggen brende,
og kleggen beit både her og der.
-
Ein framand vilje ved steinene rådde
som nådelaust meg i lekkjer la,
og heilt frå sveiva så vidt eg nådde
eg seint og tidleg laut steinen dra.
-
Her laut eg stå som ein ussel slave
med drengen over til oppsynsmann,
og ryggen krøkt som ein saueklave
og dra for matbiten alt eg vann.
-
På kant med livet på hevn eg grunda
og ynskte steinen for godt stod still,
og eingong kom ho, den store stunda,
og det, må vite, gjekk soleis til:
-
Ein diger klegg seg på steinen sette,
- han var vel mett, so han trengde fred.
Han sat so hoggande godt til rette
med sjølve storslegga like ved.
-
Og før eg sansa meg rett, eg treiv ho,
treiv sjølve storslegga, tung og stor,
og kvinande gjenom lufta deriv ho
så steinen klovna, - men kleggen for.
-
Eg fekk nok lide for den umaken,
for sjølv om steinen gav legero,
eg vart så merkeleg sår i baken
at eg laut stå liksom steinen sto.
-
Ei vekes tid laut eg gå og vente,
så kom dei heim med ein spilder ny,
men det vart tap opp og tap i mente,
for han dei kom med var tung som bly.
Jakob Sande

2 kommentarer:

My Corner sa...

Fint dikt, men jeg opplevde det like langt som stundene ved slipesteinen

Anonym sa...

Hei! Fint du la diktet på nett slik at det er lett å finne. Jacob Sande er real kunstner